Fred og forsoning - årets siste temakveld med biskopen - 21. november kl 19 - på engelsk
Publisert: av Sjømilitære Samfund
Fred og forsoning
Varmt velkomen til den siste av i alt seks temakveldar i Bergen domkirke der biskopen i møte med gjester har sett på kvar av «Guds fire døtre»: rettferd, sanning, miskunn og fred.
Bergen domkirke, 21. november kl. 19.00.
Temakveld om fred - Bjørgvin bispedøme
Tema er «Fred og forsoning etter væpna konflikt» i ramma av det internasjonale fellesskapet «Cross of Nails» som har sitt opphav i Coventry Cathedral og som Bergen domkirke også er medlem av.
Merk: På engelsk.
Gjester er domprosten i Coventry, The Very Reverend John Witcombe og lagmand, dr. juris Hanne Sophie Greve.
Kvelden blir avrunda med utdrag frå Draumkvedet ved songar Berit Opheim.
Dette markerer avslutninga på årets temakveldar i høve 750-årsjubiléet for Magnus Lagabøte sin landslov.
Temkveldane er eit samarbeid mellom Bjørgvin bispedøme, Bjørgvin kirkeakademi og Bergen domkirke. Støtta av Bergens Riksmålsforening.
Inngang kr 100,-